Anders Lillebo Trio

 

Av og til tek livet uventa vendingar

Etter fleire år med musikkstudier heime i Norge, såg Anders Lillebo for seg ei framtidig karriere som jazzpianist, men det var før han reiste til ein folkemusikkfestival i Irland. Den forandra alt. Anders forelska seg totalt i folkemusikken frå øya, og fekk etter kvart også auga opp for tradisjonsmusikk frå andre land. Anders bestesmte seg for å flytte til Irland for å lære seg mest mogleg om sin nyoppdaga lidenskap. I to år budde han i det yrande musikklivet i Galway. Her fekk han studere og spele med nokre av dei beste folkemusikarane i Irland. Lillebo er tilbake i Norge, og etter eit kort opphald i hovudstaden har han no flytta heim til Engerdal. I tillegg til ulike musikalske prosjekt driver han også podcasten The Folk Music Podcast.

Anders Lillebo har gjeve ut to plater, Departure i 2017 og Homecoming i 2019.

Til Førde kjem han med trioen sin, som for dette høvet har to nye medlemmer, Kevin Henderson og Ronny Kjøsen på fele og piano.

Anders Lillebo - trekkspel

Kevin Henderson - fele

Ronny Kjøsen - piano

Concerts:

10. juli kl. 12.00-13.00

Anders Lillebo Trio

The party place

July 10 at 20.30-22.00

Festival gala

The sports hall, Førdehuset

11. juli kl. 18.00-19.00

Anders Lillebo Trio

Jakob Sande-tunet

 
Previous
Previous

Alexander Aga Røynstrand

Next
Next

Bergen junior fiddle team