Internasjonalt draumeprosjekt

NOWOR - Norwegian World Music Orchestra - er etablert og vert leia av Javid Afsari Rad. Afsari Rad er komponist og arrangør, og spelar persisk santur. Orkesteret er samansett av musikarar med bakgrunn i klassisk musikk og andre er folkemusikarar med røter i Iran, Marokko, India, Elfenbeinskysten og Senegal. Med ei slik blanding, er det klart at musikken blir noko heilt spesielt. -Dette er ei slags oppsummering av min musikalske karriere, seier Afsari Rad. Det er ein draum eg har hatt lenge, å samle musikarane eg har arbeidd med over så lang tid i Rumi Ensemble og ComboNations. NOWOR er ikkje noko mindre enn ei supergruppe, med musikarar som er dei fremste på sine instrument i Norge, men også internasjonalt.

Javid Afsari Rad, santur

Ibou Cissokho, kora

Sidiki Camara, perkusjon

Harpreet Bansal, fiolin

Emilie Heldal Lidsheim, fiolin

Inger Hannisdal, fiolin

Adrian Fiskum Myhr, kontrabass

Gregor Riddell, cello

Andreas Bratlie, tablas

 

 Concerts:

Fredag 9. juli kl. 17.00-17.20

MØT ARTISTEN: JAVID AFSARI RAD

Utstillingssalen, Førdehuset

 

10. juli kl. 13.30-14.30

NOWOR

The Great Hall, Førdehuset

 
Previous
Previous

Novgorod

Next
Next

Olav Mjelva and Kevin Henderson