Folk music and stories

 

Britt Pernille Frøholm og Marianne Clementine Håheim 

Denne nyskapinga tek utgangspunkt i forteljingane om spelemenn og -kvinner som dagens folkemusikarar har slåttane sine etter. Britt Pernille Frøholm frå Hornindal har delt slåttekjeldene sine  frå Nord-Vestlandet med forfattar Marianne Clementine Håheim frå Jølster,  som har portrettert nokre av kjeldene gjennom skjønnlitterære tekstar.  Frå oppveksten på Klakegg har Håheim også med seg forteljingane om den kjende spelemanns-tradisjonen i Paulen til samarbeidet mellom dei to kunstnarane. I dette møtet mellom folkemusikaren og forfattaren får slåttar og forteljingar nytt liv - og du blir kjend med folkemusikken og kjeldene på ein ny måte. 

Folkemusikken og forteljingane er eit samarbeid mellom Rom for ord og Førdefestivalen.

Concert:

Thursday, July 8th at 10:30 PM-11:30 PM

Folk music and stories

The banquet hall, Førdehuset

 
Previous
Previous

Freelancer

Next
Next

Gabriel Flirt