Signe Førre Kvartett er eit spanande nytt band med musikarar med ulik sjanger-bakgrunn. Musikken deira byggjer hovudsakleg på folkemusikk frå fleire kulturar.
Kontrabassist, vokalist og komponist Signe Førre er i ferd med å stake ut ein spanande musikalsk karriere. Bass-spelet hennar vert omtala som virtuost (Avisa Hordaland) og i kvartetten har ho fått med seg etablerte musikarar som har spelt med artistar som Vamp, Ole Paus, Anne Grethe Preus, Bjørn Eidsvåg, Tindra, Tore Brunborg, Helene Bøksle, Åge Aleksandersen og Nils Økland, for å nemne nokre.
Signe Førre blei i 2019 spurd om å lage tingingsverk til det unike Finnesloftet på Voss, ei utfordring ho tok på strak arm! Med materiale frå bl.a. Norge, Serbia, Makedonia, Bulgaria, og med sterke inspirasjonar frå musikktradisjonane derifrå, komponerte og arrangerte ho ei musikalsk reise som tar oss gjennom ulike kulturar og tidsperiodar. Her smeltar jazz og folkemusikk saman og får nytt liv. Signe syng både på serbisk, makedonsk, bosnisk, norsk, bulgarsk m.m. Musikken er innspelt på rykande fersk plate n i ABC Studio og utgitt på Ta:Lik Records. Konserten i Førdehuset er ein del av platesleppturneen med debut albumet “FAGERT” til Signe Førre Kvartett!
SIGNE FØRRE – kontrabass, vokal
TORBJØRN ØKLAND – trompet, bouzouki, gitarer
IRENE TILLUNG– trekkspel
STEIN INGEN BRÆKHUS – trommer, perkusjon
Arrangør: Førdehuset og Førdefestivalen